Statsministeren til Cold Response

Laurdag 5. mars kl. 09.50, Værnes: Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide besøkjer øvinga Cold Response. Statsministeren og forsvarsministeren besøkjer både nasjonale og internasjonale avdelingar. I tillegg til Noreg deltar 13 nasjonar på Cold Response, og totalt kjem 15.000 soldatar til å delta på denne øvinga.

Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkreditere seg til: smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 3. mars.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kontakt for Forsvarsministeren: Major Vegard Finberg, telefon 953 03 636.

Les meir om Cold Response her: https://forsvaret.no/coldresponse