Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministeren til Helgeland og Trøndelag

Statsminister Erna Solberg besøkjer Helgeland og Trøndelag søndag 5. til tysdag 7. mai.

Søndag 5. mai
Kl. 16.45: Statsministeren besøkjer Alcoa i Mosjøen, der ho får ei omvising og orientering om drifta. Stad: Havnegata 40, Mosjøen. Me ber presse om å møta opp ved hovudporten seinast kl. 16.30.

Kl. 18.10: Statsministeren besøkjer Qvales Mestringshus i Mosjøen, der ho deltek på søndagskaffi med brukarane. Ho møter også representantar for Mental Helse Vefsna og Vefsn kommune. Adresse: Chr. Qvalesgate 36, Mosjøen.

Måndag 6. mai
Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Helgelandssykehuset i Sandnessjøen, der ho får ei kort omvising på AMK-sentralen og ei orientering om Helgelandssykehuset 2025-prosessen.

Me ber presse om å møta opp ved hovudinngangen seinast kl. 08.45. Adresse: Prestmarkveien 1, Sandnessjøen.

Kl. 10.15: Statsministeren besøkjer Kulturbadet i Sandnessjøen, der ho skal vere med på lesestund med barnehagebarn frå Ura barnehage. Adresse: Torolv Kveldulvsons gate 10, Sandnessjøen.

Kl. 11.45: Statsministeren reiser med båt frå Tjøtta til Vega, der ho skal besøkja det nye Vega Verdensarvsenter. På turen vil statsministeren blant anna få ei orientering om verdsarvområdet på Vega. Ankomst til Vega Verdensarvsenter om lag kl. 13.00. Adresse: Nesveien 92, Vega.

Presse som ønskjer å vere med på båtturen til Vega må gi beskjed til kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post [email protected].

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Brønnøysundregistra i Brønnøysund, der ho blant anna får ei orientering om arbeidet med digitalisering i offentleg sektor. Presse kan møte opp ved hovudinngangen kl. 15.30. Adresse: Havnegata 48, Brønnøysund.

Kl. 17.00: Statsministeren reiser vidare til Rørvik med hurtigruteskipet MS Lofoten. Om bord på skipet har statsministeren invitert representantar for havbruk og tilknytt industri til eit møte om verdi- og jobbskaping langs kysten på Helgeland og i Trøndelag. MS Lofoten legg til kai i Rørvik kl. 20.30.

Tysdag 7. mai
Kl. 08.00: Statsministeren besøkjer Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk ved sjukehuset i Namsos, der ho får ei orientering om metoden nevropsykolog Reiel Pedersen har utvikla for å redusere utgreiingstida og heve kvaliteten i ADHD-utgreiingar.

Møtet går føre seg hjå BUP, med inngang på hjørnet Overhallavegen/Sykehusalleen. Me ber presse om å møte opp seinast kl. 07.45.

Kl. 10.00: Statsministeren besøker bygg- og anleggsbedrifta FuglesangDahl AS på Steinkjer. Tema for besøket er inkludering i arbeidslivet, og statsministeren får blant anna ei orientering om korleis bedrifta samarbeider med NAV. Besøket går føre seg på byggeplassen til det nye Innherred beredskapshus. Me ber presse om å møte opp ved anleggskontoret i Seilmakergata seinast kl. 09.45.

Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer Verdalskalk i Tromsdalen, der ho får ei orientering om drifta og omvising i kalkbrotet.

Me ber presse om å møta opp seinast kl. 11.15. Adresse: Tromsdalsvegen 442, Verdal.

Presse som ønskjer å delta på turen kan ta kontakt med ein av pressekontaktane:

Til toppen