Vis heile kalenderen

16.02.2016

  • Statsministeren til Kristiansand

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Kristiansand

    Statsminister Erna Solberg besøkjer dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger og Molde, og held no fram i Kristiansand. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar.

    Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer Elkem Solar, Fiskåveien 100. Oppmøte for pressefolk i vakta seinast kl. 10.15.

    Kl. 12.00: Statsministeren taler på Kommunalpolitisk toppmøte 2016, i Kilden Teater- og Konserthus. I starten av lunsjpausen er statsministeren tilgjengeleg for presse i foajeen.

    Kl. 13.30: Statsministeren og arbeidsministeren møter eit bredt utval av bedrifter for å diskutera situasjonen for næringslivet på Sørlandet. Møtet går føre seg hjå MHWirth, Butangen 21. Møtet varer i to timar. Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet og når statsministeren og arbeidsministeren etterpå får ei omvising i verkstaden til MHWirth.

    Kl. 16.30: Statsministeren deltek på eit ope medlemsmøte i regi av Høgre, på Clarion Hotel Ernst i Kristiansand. Statsministeren held ei innleiing om omstilling i næringslivet.

    Pressekontakt for besøket til Kristiansand er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.