Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministeren til New York 12. og 13. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg leiar eit møte i FNs høgnivågruppe for finansiering av klimatiltak måndag 12. og tysdag 13. juli. Dette er det første møtet etter at Stoltenberg tok over som leiar av gruppa etter Gordon Brown. Stoltenberg leiar gruppa saman med Etiopias statsminister Meles Zenawi.

Høgnivågruppa skal utforma praktiske forslag til korleis ein skal nå dei langsiktige finansielle måla frå klimatoppmøtet i København i 2009, om 100 milliardar dollar per år frå 2020 til finansiering av klimatiltak i fattige land. Pengane skal koma frå både private og offentlege kjelder.

I gruppa deltek også Guyanas president Bharrat Jagdeo og ministrar frå både fattige og rike land. I tillegg er det fleire økonomiske ekspertar med i gruppa, blant andre Lawrence Summers, George Soros og Nicholas Stern.

Gruppa skal presentera sin endelege rapport før FNs klimatoppmøte i Mexico i desember.

Les meir om gruppa her.

Pressefolk må ha akkreditering til FN-hovudkvarteret, sjå http://www.un.org/media/accreditation/.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.