Statsministeren til Østfold

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Statsminister Erna Solberg besøkjer Østfold tysdag 28. mai.

Kl. 10.45: Statsministeren besøkjer Rockwool sin fabrikk i Moss og får mellom anna ei orientering om prosjektet for grønare produksjon ved steinullsfabrikken. Presse som ynskjer å dekkje dette besøket må akkreditere seg til hans.joachim.motzfeldt@rookwool.com innan måndag 27. mai kl. 1200. Kontaktperson ved Rockwool er samfunnskontakt Hans Joachim Motzfeldt, telefon 977 84 854. Stad: Værlegata 56 i Moss.

Kl. 11.45: Statsministeren får orientering om elektrifisering av ferjesambandet Moss-Horten. Stad: Fergekaia Moss Havn, Strandgaten 10 i Moss.

Kl. 12.45: Statsministeren besøkjer Borregaard og deltar i eit lunsjmøte og får omvising. Stad: Borregaard, Hjalmar Wessels vei 6 i Sarpsborg.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Smart Innovation Norway i Halden der ho mellom anna får orientering om deira prosjekt og aktivitetar og praktisk bruk av kunstig intelligens. Stad: Smart Innovation Norway, Håkon Melbergs vei 16 i Halden.

Kl. 16.15: Statsministeren møter ungdom i alderen 14-19 år som deltar i Kjør for livet. Kjør for livet er eit tilpassa aktivitets- og fritidstilbod. Adresse: Rudskogen, Motorsportveien 180 i Rakkestad.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no