Statsministeren til Sør-Varanger

Sundag 15. og måndag 16. november besøkjer statsminister Erna Solberg Sør-Varanger.

Om lag kl. 20.15 sundag kveld besøkjer statsministeren ankomstsenteret Finnmark, Vestleiren. Dette besøket er ope for pressa.

Måndag får Solberg orientering frå berørte partar i samband med asylsituasjonen i Finnmark. Statsministeren er tilgjengeleg for kommentarar i etterkant av møtet, om lag kl. 09.15. Adresse: Rådhusplassen 3, Kirkenes.

Om lag kl. 09.50 besøkjer statsministeren Storskog grensestasjon. Der får ho orientering av dei tilsette. Pressetilgjenge.

Pressefolk som ynskjer å dekkje delar eller heile programmet må akkreditere seg så snart som råd og innan fredag 13. november til: smkinfo@smk.dep.no 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.