Statsministeren til Stavanger

Statsminister Erna Solberg ønskjer å besøkje ulike delar av landet som er hardast råka av auka arbeidsløyse. Statsministeren startar denne reiserunden i Stavanger fredag der situasjonen i olje- og gassnæringa, ringverknader for leverandørindustrien og konsekvensar for sysselsetjing og ledigheit vil vera sentrale tema. Tema vil også vera nye mogelegheiter, omstilling og nye jobbar.

Fredag 29. januar
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg besøkjer Dusavik Base og får omvising og orientering på eit fartøy. Stad: Norsea basen Dusavik.

Kl. 15.15: Statsministeren møter pressa i etterkant av eit møte med næringsliv, fagforeiningar, tillitsvalde og politikarar. Tema for møtet er arbeidsløysa i olje- og gassnæringa, men også nye mogelegheiter. Stad: Simon Møkster Shipping, Skogstøstraen 37.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer gründerverksemda Astralution som er leverandør av visuelle kommunikasjonsløysingar. Stad: Astralution AS, Siriskjeret 27.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.