Historisk arkiv

Statsministerens program 27. - 31. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Fredag 27. august
Kl. 10.00: H.M. Kongen avdukar eit nytt nasjonalt veteranmonument på Akershus festning. Stortingspresident Tone Trøen, statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og forsvarssjef Eirik Kristoffersen vil også vere til stades.

Etter avdukinga vert det ein medaljeseremoni for dei som skulle vore dekorert med medaljar 8. mai 2020 og 8. mai 2021. Sjå fleire detaljar i eiga pressemelding.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer det nye Fontenehuset i Ålesund. Fontenehus er eit ope tilbod til alle som har falle utanfor arbeidsmarknaden på grunn av psykiske vanskar. Adresse: Parkgata 6.

Kl. 16.30: Statsministeren besøkjer Kongsberg Maritime i Ålesund. Tema for besøket er grøn skipsfart, omstilling og teknologiutvikling. Stad: Norsk Maritimt Kompetansesenter, Ålesund.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Laurdag 28. august
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg besøkjer Atlanterhavsparken, der ho mellom anna skal få sjå det nye Vitesenteret.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Kl. 20.00: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Brann og Haugesund på Brann stadion i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no.

Søndag 29. august
Kl. 14.30: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av KNA Raceway i Sokndal. Adresse: Kroheia, Hauge i Dalane.

Kl. 16.15: Statsministeren opnar det nye beredskapssenteret i Flekkefjord, der brannvesen, politi og ambulansestasjon er samlokaliserte. Adresse: Engvald Hansens vei 11, Flekkefjord.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no.

Måndag 30. august
Kl. 08.50: Statsministeren besøkjer Lyngtua barnehage i Lyngdal. Adresse: Gamle Myrvei 1, Lyngdal.

Kl. 10.15: Statsministeren besøkjer industribedrifta Nøsted & AS i Mandal. Adresse: Grønviksveien 8, Mandal.

Kl. 11.10: Statsministeren får ei orientering om bygginga av ny E39. Oppmøte for pressa ved Vatnedal kulvert (avkøyring frå eksisterande E39 i Marnarkrysset).

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer restauranten Sham, Syrisk mat i Kristiansand, som har fått støtte frå NAV for å tilsetje unge arbeidssøkjarar i sommarjobb. Adresse: Skippergata 38, Kristiansand.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no.

Tysdag 31. august
Kl. 11.00: Statsministeren opnar kunstutstillinga «Straff Skader» i Grieghallen. Kunnskapsminister Guri Melby vil også vere til stades. Adresse: Edvard Griegs Plass 1, Bergen.

Kl. 12.00: Statsministeren legg ned den første vardesteinen ved det nye Vardesenteret til Kreftforeningen ved Haukeland Universitetssjukehus. Adresse: Jonas Lies vei 7, Bergen.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Kl. 16.30: Statsministeren deltek på digitalt folkemøte i regi av Bergens Tidende.

Kl. 21.40: Statsministeren deltek i partileiardebatt på TV2.

Pressekontakt er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no.