Priv. til red.

Statsministerens program i jula

Statsminister Erna Solberg talar ved Forsvarets medaljeseremoni på Haakonsvern 21. desember. Torsdag 26. desember besøkjer ho Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Laurdag 21. desember
11.30: Statsminister Erna Solberg talar ved Forsvarets medaljeseremoni på Haakonsvern. Det er styrkesjef Henning Amundsen og besetninga på KNM Fridtjof Nansen som skal tildelast Forsvarets operasjonsmedalje for innsatsen i Adenbukta.

KNM Fridtjof Nansen har sidan 30. mai i år vore kommandofartøy og leia NATO-operasjonen Ocean Shield for å beskytte sivil skipstrafikk i Adenbukta og i Det indiske hav. KNM Fridtjof Nansen returnerer frå oppdraget laurdag.

Presse som ønskjer tilgang til medaljeseremonien må registrere seg på e-post til info@marinen.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide telefon 957 26 510.

Torsdag 26. desember
16.00: Statsminister Erna Solberg besøkjer Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen, der ho blant anna møter frivillige som jobbar på sjukehuset i jula.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.