Statsministerens program laurdag 22. juli

Statsminister Erna Solberg deltek på markeringa av seksårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011.

Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer seksårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011. Programmet for dagen ligg på nettsidene til Støttegruppa.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet
Statsministeren deltek på minnemarkeringa i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata).

Det vil bli sett av eit eige område for presse. Journalistar og fotografar må vise fram pressekort for å få tilgang til området. Etter arrangementet, om lag kl. 10.35, er statsministeren tilgjengeleg for presse.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya
Statsministeren er til stades ved minnemarkeringa på Utøya. Minnemarkeringa blir dekka av NTB og NRK.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland,
telefon 930 51 458.