Statsministerens program sundag 22. juli

Statsminister Erna Solberg deltek på markeringa av sjuårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011.

Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer sjuårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011. Programmet for dagen finner du her.

Kl. 09.30: Minnemarkering i regjeringskvartalet
Statsministeren deltek på minnemarkeringa og den offisielle opninga av den midlertidige nasjonale minnestaden i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata).

Det vil bli sett av eit eige område for presse. Journalistar og fotografar må vise fram pressekort for å få tilgang til området. Etter arrangementet, om lag kl. 10.05, er statsministeren tilgjengeleg for presse.

Kl. 11.00: Høgmesse i Oslo domkirke

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya
Statsministeren er til stades ved minnemarkeringa på Utøya.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.

Til toppen