Statsministerens program veke 1

Statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner presenterer 4. januar planar for eit nytt informasjonssenter om hendingane 22. juli 2011.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 4. januar
Kl. 14.45
: Statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner presenterer planar for eit nytt informasjonssenter om hendingane 22. juli 2011. Oppmøte for presse utanfor Høgblokka mot Akersgata.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Pressekontakt for kommunal- og moderniseringsministeren er kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, telefon 971 64 835.

Kl. 17.00: Statsminister Erna Solberg deltek under minnemarkeringa «Lys til ettertanke» for trafikkoffera i Vestfold i 2014. Stad: Skjee kyrkje, Stokke i Vestfold.

Sjå fleire detaljar om programmet på nettsida til Trygg Trafikk.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.