Statsministerens program veke 1

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 4. – tysdag 5. januar
Statsminister Erna Solberg deltek på regjeringa sitt strategiseminar, på Sundvollen i Hole.

Onsdag 6. januar
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på konferansen Nord i Sør, på Radisson Blu Plaza Hotell i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 7. januar
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på NHOs årskonferanse, i Oslo Spektrum. Statsministeren taler om lag kl. 10.10.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 10. januar
Statsministeren deltek på Høgres felleskonferanse, på Sundvollen i Hole.

Kongepar i 25 år
Søndag 17. januar skal det markerast at det er 25 år sidan Kong Harald og Dronning Sonja vart Noregs kongepar. Regjeringa si gåve i samband med 25-årsmarkeringa er fleire utandørsarrangement i Oslo sentrum. Det vert underhaldning på Universitetsplassen, vinteraktivitetar på Slottsplassen og ei festforestilling i Universitetets aula.

Pressefolk må akkrediterast. Fristen er fredag 8. januar kl. 12.00. Du kan akkreditera deg ved å senda ein e-post til Statsministerens kontor på smkinfo@smk.dep.no. Alle som søker om akkreditering må ha gyldig pressekort. Akkreditert presse vil få ytterlegare detaljar om val av fotoposisjonar, henting av akkrediteringskort osv.

Kontaktperson er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.