Statsministerens program veke 10 - første halvdel

Statsministeren reiser tysdag og onsdag til Kristiansund og Bergen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 6. mars
Kl. 09.00: Statsminster Erna Solberg opnar Justis- og beredskapsdepartementets konferanse om ny nasjonal strategi for betre IKT-sikkerheit. Adresse: Høgres Hus i Oslo. Sjå eiga pressemelding for program og fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Kl. 14.10: Statsministeren besøkjer Atlanten videregående skole i Kristiansund, der ho deltek i «spørjetime» med elevane. Adresse: Dalaveien 25 i Kristiansund.

Kl. 15.50: Statsministeren besøkjer Sykehuset i Kristiansund, der ho får ei orientering om prosjektet Sykehuset Nordmøre og Romsdal inkludert det nye distriktsmedisinske senteret som skal etablerast i Kristiansund. Adresse: Herman Døhlens vei 1.

Kl. 17.45: Statsministeren møter deltakarar i prosjektet Digitale talent. Prosjektet er eit samarbeid mellom NAV, Kunnskapstrening IT og lokale IT-bedrifter og er retta mot ungdom som står utanfor arbeid og utdanning. Stad: Vindel, Kongens Plass 1.

Pressekontaktar i Kristiansund er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek i medlemsmøte i regi av Kristiansund Høyre. Adresse: Thon Hotel Kristiansund, Fiskergata 12.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Onsdag 7. mars
Kl. 08.50: Statsminister Erna Solberg besøkjer Fontenehuset Bergen. På Fontenehuset får statsministeren møte brukarar av huset og leiinga for organisasjonen, for å lære korleis dei jobbar for å få personar med psykiske vanskar ut i arbeidslivet og til å meistre kvardagen. Adresse: Skuteviksbodene 11.

Kl. 09.40: Statsministeren besøkjer Treider kompetanse i Bergen. Der skal Solberg møte arbeidssøkjarar og tilsette som fortel om ulike tiltak for å kome inn i arbeidslivet. Adresse: St. Jakobs plass 9.

Kl. 11.50: Statsministeren besøkjer Statoil på Sandsli, der ho mellom anna får ei orientering om korleis selskapet tar i bruk digitalisering for å auke verdiskaping, betre samarbeid og utvikle ny kompetanse. Adresse: Sandslivegen 90.

Kontaktperson for presse som ynskjer å dekke besøket til Statoil er Morten Eek, telefon +47 416 89 515, e-post meek@statoil.com.

Pressekontaktar i Bergen er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no

Til toppen