Historisk arkiv

Statsministerens program veke 10

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 7. mars
Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg taler om koronasituasjonen, i samband med at det snart er eitt år sidan Noreg sette i verk dei første inngripande tiltaka i koronapandemien. Talen vert overført på regjeringa.no og i sosiale media.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Måndag 8. mars
Kl. 08.00: Statsminister Erna Solberg og næringsminister Iselin Nybø har invitert fem kvinnelege gründerar til digitalt møte om likestilling og jobbskaping. Du kan følgje møtet på regjeringa.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.

Onsdag 10. mars
Kl. 10.00: Statsministeren deltek på den digitale årskonferansen til Norsk olje og gass. Du kan følgje konferansen her.

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på eit digitalt møte om erfaringar frå pandemihandteringa, i regi av statsforvaltar Per Arne Olsen og kommunane i Vestfold og Telemark.

Pressekontakt for møtet er kommunikasjonssjef Kirsti Retvedt, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, telefon 90 86 12 91, e-post kiret@statsforvalteren.no

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Torsdag 11. mars
Kl. 17.30: Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie deltek i Instagram live frå @regjeringen og svarer på spørsmål i høve at det 12. mars er eitt år sidan dei første strenge koronatiltaka

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Fredag 12. mars
Kl. 13.00: Statsministeren har telefonmøte med Tysklands forbundskanslar Angela Merkel. Tema for møtet er FNs sikkerheitsråd, koronapandemien, det grøne skiftet og tilhøva mellom Noreg og Tyskland.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Laurdag 13. mars
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre, på Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.