Historisk arkiv

Statsministerens program veke 11

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg er denne veka mellom anna i Stortinget tysdag, der ho svarer på ein interpellasjon frå Trine Skrei Grande  om omstilling, entreprenørskap og nyskaping.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 15. mars
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg er i Stortinget, der ho svarer på ein interpellasjon frå Trine Skrei Grande (V) om omstilling, entreprenørskap og nyskaping.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Torsdag 17. mars
Statsministeren deltek på møte i European People’s Party (EPP) i Brüssel.

Pressekontakt er statssekretær Ingvild Stub, telefon 920 14 897.

Statsministeren besøkjer Asia i april
Statsminister Erna Solberg besøkjer Singapore og Sør-Korea 12.-16. april. Næringslivssamarbeid vil vera eit sentralt tema for besøket, inkludert behovet for omstilling, innovasjon og bærekraftige løysingar. Statsministerens engasjement i pådrivargruppa for FNs bærekraftsmål vil også vera eit tema.

12. og 13. april: Singapore
I Singapore skal statsministeren mellom anna opna Norway Asia Business Summit, der ei rekkje aktørar frå næringslivet er samla. I tillegg møter Solberg statsministeren og presidenten for bilaterale samtalar.

14.-16. april: Sør-Korea
I Sør-Korea er statsministeren blant anna invitert til det sørkoreanske parlamentet for å snakke om FNs bærekraftsmål. Statsministeren møter også den sørkoreanske presidenten, i tillegg til at ho besøkjer den demilitiariserte sona på grensa mot Nord-Korea. Ho møter også representantar for norsk og sørkoreansk næringsliv.

Praktiske detaljar
Me ber presse som ønskjer å delta på reisa melda seg på til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 17. mars. Spørsmål om reisa kan rettast til kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.