Statsministerens program veke 11

Statsminister Erna Solberg inviterer denne veka mellom anna til toppmøte om næringsliv og kompetanse i nord. Målet med møtet er å få innspel til korleis vi kan sikre nok folk med riktig kompetanse for næringslivet i nord i åra framover.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. mars – onsdag 14. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2019 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Torsdag 15. mars
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg taler ved opninga av Telenor sitt frukostmøte om digitalisering på Mesh i Oslo. Adresse: Tordenskiolds gate 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Kl. 10.30: Statsministeren deltek på årskonferansen til Norsk olje og gass. Statsministeren taler om lag kl. 10.45. Konferansen går føre seg på Oslo kongressenter, Youngs gate 21.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og  kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner inviterer vinnarane av Benjaminprisen til erfaringsutveksling med regjeringa. Bakgrunnen er at regjeringa ønskjer å lære av dei erfaringane som skulane har gjort seg i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på arrangementet «Tech, ledelse og likestilling» i regi av Telenor Female Empowerment Network, på The Hub på Fornebu. Nettverket jobbar med å inspirere og utvikle kvinner i Telenorkonsernet for å auke delen kvinnelege leiarar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Kl. 19.25: Statsministeren taler på årsmiddagen til Danske Bank på Grand Hotel i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Fredag 16. mars
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om næringsliv og kompetanse i nord. Toppmøtet er ein del av arbeidet med regjeringas nordområdestrategi og komande nordområdemelding. Målet med møtet er å få innspel til korleis vi kan sikre nok folk med riktig kompetanse for næringslivet i nord i åra framover. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner vil óg vere til stades. Møtet finn stad i Alta kultursal på campus Alta, UiT.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Kl. 15.30: Statsministeren møter deltakarar, arrangørar og frivillige under Finnmarksløpet ved målområdet i gågata i Alta sentrum.

Kl. 16.10: Statsministeren får ein presentasjon av Smart Construction Cluster (SCC) i Kunnskapsparken i Alta sentrum.

Kl. 17.00: Statsministeren besøkjer Alta museum og utstillinga «Fururøtter og Altas kvenske røtter». Deretter møter ho lokale kvener, representantar frå Norske Kveners Forbund, og markerer Kvenfolkets dag. Adresse: Altaveien 19.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Laurdag 17. mars
Kl 12.00: Statsministeren deler ut medaljar til vinnarane av NM i hundekøyring under Finnmarksløpets seierseremoni i gågata i Alta sentrum.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Til toppen