Priv. til red.:

Statsministerens program veke 12

Denne veka legg statsministeren fram stortingsmelding om oppgåver til kommunane, saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 18. mars
Kl. 10:00: Statsministeren held opningstale under NHH-symposiet. Tema er omstilling. Stad: Norges Handelshøyskole, Helleveien 30, Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Kl. 17.30 tek statsministeren imot Latvias president til samtale i Regjeringas representasjonsanlegg. Det er høve til å fotografere ved ankomst. Kort pressetreff etter at samtala mellom Latvias president og statsministeren er ferdig. Seinaste frammøte for presse med UD-akkreditering for statsbesøket, er i Riddervolds gate 2 kl. 17.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Fredag 20. mars
Kl. 0915: Statsministeren opnar arrangement om lese- og skrivevanskar. Stad: Deichmanske hovudbibliotek, Arne Garborgs plass 4.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Fredag 20. mars
Kl. 1200: Statsministeren legg fram stortingsmelding om oppgåver til kommunane saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Stad: R5, Akersgata 59, Oslo

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Sundag 22. mars
Statsministeren deltek på Høyres sentralstyremøte i Oslo som startar kl. 14:00.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.