Statsministerens program veke 12

Statsministeren møter denne veka mellom anna i Stortinget, der ho svarer på ein interpellasjon frå Trine Skei Grande om Noreg sitt arbeid for kvinners rettar i verda.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 20. mars
Kl. 09.45: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer Stortingsmeldinga ”Lærelyst – Tidleg innsats og kvalitet i skolen” på Lakkegata skole i Oslo. Adresse: Lakkegata 79. Sjå fleire detaljar i eiga pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 21. mars
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, der ho svarer på ein interpellasjon frå Trine Skei Grande om Noreg sitt arbeid for kvinners rettar i verda, og tiltak for å demme opp for forsøk på innskrenkingar i fleire land.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 12.00: Statsministeren deltek i Kontroll- og konstitusjonskomiteens høyring i Stortinget om Riksrevisjonens rapport om revisjon av politiets og Forsvarets objektsikring. Stad: Stortingets komitéhus i Akersgt. 18.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til toppmøte om korleis Noreg kan auka kunnskapen om hjernesjukdomane ALS, MS og demens.

Nobelprisvinnar Edvard Moser innleier. Solberg og Høie utfordrar forskarar, klinikarar og representantar for pasientane om behovet for forsking på sjukdommar som gir tap av celler i sentralnervesystemet.   

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo, og vert overført på regjeringa.no.

Statsministeren, helse- og omsorgsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Reidar Evensen, telefon 991 62 659.

Kl. 19.40: Statsministeren deltek i kongeparets gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Island.

Onsdag 22. mars
Kl. 12.30: Statsministeren møter Islands president Guðni Th. Jóhannesson og fru Eliza Reid i forsvarssjefens bustad på Akershus festning.

Det er høve til å fotografere på utsida når statsministeren tek i mot presidenten. Dei to er tilgjengelege for pressa etter møtet. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Kl. 13.30: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj på Akershus slott i samband med presidentbesøket frå Island. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 13.00. Ein fotopool med NTB scanpix, NRK eller TV2 og ein fotograf frå vekepressa kan arbeide innandørs når gjestane går til bords. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Fredag 24. mars
Kl. 12.15: Statsministeren er gudmor ved dåpen av forskingsskipet Dr. Fridtjof Nansen på Akershuskaia i Oslo. Statsministeren, utanriksministeren og kommunal- og moderniseringsministeren er tilgjengelege for pressa om lag kl. 13.45. Eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet med fleire detaljar følgjer.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Laurdag 25. mars
Kl. 11.15: Statsministeren taler på opninga av Kvinnehelsedagen til Norske Kvinners Sanitetsforening.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.