Statsministerens program veke 13

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 29. mars
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg tek i mot Rederiforbundets konjunkturrapport på Statsministerens kontor.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 31. mars
Statsministeren deltek på Nuclear Security Summit (NSS) i Washington DC 31. mars og 1. april. President Obama er vert for møtet, som er det fjerde i rekka. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.