Priv. til red.:

Statsministerens program veke 15

Denne veka deltek statsministeren i mellom anna 25-årsmarkeringa av "Scandinavian Star"-ulukka, på den internasjonale romdagen og i 350-årsfeiringa av Halden som by.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 7. april
Kl. 12.00 deltek statsministeren på Høgres ordførarkonferanse, i Oslo.
Pressekontakt: politisk rådgjevar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543

Kl. 18.00 deltek statsministeren i minnemarkeringa i Oslo for «Scandiavian Star»-ulukka for 25 år sidan, på Akershuskaia.
Pressekontakt: kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 8. april
Kl. 14.00 deltek statsministeren på kommunalpolitisk toppmøte i regi av KS, på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo. Tema er kommunereformen.
Pressekontakt: statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 17.00 talar statsministeren ved ei markering av den internasjonale romdagen, på Historisk Museum i Oslo.
Pressekontakt: kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 9. april
Kl. 09.00 er statsministeren til stades når HM kong Harald V legg ned krans ved nasjonalmonumentet på Akershus festning, på 75-årsdagen for det tyske angrepet på Noreg i 1940.
Pressekontakt: kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 10. april
Kl. 14.45 opnar statsministeren jubileumskonserten under 350-årsjubileet for Halden som by, på Fredriksten festning i Halden.
Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.