Statsministerens program veke 16

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 18. april
Kl. 08.00: Statsminister Erna Solberg møter ein delegasjon frå Representantanes hus i den amerikanske kongressen, til samtaler i statsministerbustaden. 

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Onsdag 19. april

Kl. 12.45: Statsministeren er vertinne på ein arbeidslunsj for EU-landas ambassadørar i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i ei mottaking for Kristin Clemet som er 60 år, på Café Christiania i Oslo.

Fredag 21. april
Kl. 10.30: Statsministeren, utanriksministeren, kommunal- og moderniseringsministeren og EØS- og EU-ministeren presenterer regjeringas nordområdestrategi på Stormen bibliotek i Bodø. Adresse: Storgata 1A. 

Kl. 12.50: Statsministeren deltek på Høgres nordområdekonferanse på Scandic Hotel Havet.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 23. april
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre. 

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.