Historisk arkiv

Statsministerens program veke 15

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek denne veka mellom anna på Arktisk forum i St. Petersburg. Statsministeren vil også ha eit bilateralt møte med Russlands president Vladimir Putin.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 8. april
Kl. 09.30: Statsminister Erna Solberg møter USAs ambassadør til Noreg, Kenneth Braithwaite, på Statsministerens kontor.

Kl. 10.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval på Statsministerens kontor.

Kl. 12.30: Statsministeren deltek på Høgres ordførarkonferanse. Stad: Radisson Blu Plaza i Oslo. Konferansen er ikkje open for pressa. 

Måndag 8. – tysdag 9. april
Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Arktisk forum i St. Petersburg. Statsministeren vil også ha eit bilateralt møte med Russlands president Vladimir Putin. Sjå eiga nettsak for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon +47 908 94 274 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon +47 903 65 716.

Torsdag 11. april
Kl. 18.00: Statsministeren taler på ein festmiddag for Oslo Børs som er 200 år i 2019. Stad: Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 12. april
Kl. 09.15: Statsministeren opnar påskesentralen til Røde Kors. Adresse: Hausmannsgata 7 i Oslo.

Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Caritas Ressurssenter. Tema for besøket er metodar for å hjelpe innvandrarar ut i arbeid.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Laurdag 13. april
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på markeringa av den norske turbandagen i Spikersuppa i Oslo sentrum.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Roger Holmsen, telefon 971 12 845, e-post rh@smk.dep.no.