Statsministerens program veke 16

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka Indonesia og Vietnam.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Statsministeren til Indonesia og Vietnam
13. - 18. april reiser statsminister Erna Solberg til Asia. Statsministeren følgjer mellom anna opp sitt engasjement i FNs generalsekretærs pådrivargruppe for FNs tusenårsmål med sterkt fokus på jenter og utdanning. Statsministeren vil også følgje opp Noregs regnskogengasjement og sjå samanhengen mellom klima, miljø og avskoging. Andre viktige tema blir fattigdomsreduksjon, sårbare grupper og styrking av helse og utdanning. Statsministeren møter i tillegg norsk næringsliv både i Indonesia og Vietnam.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon + 47 920 49 543 (Indonesia) og +47 416 66 165 (Vietnam), og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon +47 975 30 948 (Indonesia) og +47 416 69 438 (Vietnam).