Statsministerens program veke 16

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 19. april
Om lag kl. 19.00 deltek statsminister Erna Solberg i Utanriks- og forsvarskomiteens høyring i Stortinget om justis- og beredskapsministerens utgreiing om det planlagde salet av Bergen Engines AS.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Tysdag 20. april
Kl. 17.00: Statsministeren er til stades digitalt på High North Dialogue-konferansen i Bodø. Statsministeren skal delta i debatt med Ap-leiar Jonas Gahr Støre og to representantar for ungdomspanelet for nordområda. Sjå program og fleire detaljer på nettsida til High North Dialogue 2021.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.

Torsdag 22. april
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på det digitale klimatoppmøtet som USAs president Joe Biden har invitert til. 40 stats- og regjeringssjefar er inviterte til møtet. Toppmøtet kan følgjast direkte her.

Statsministeren følgjer president Bidens opningstale frå Statsministerens kontor, og me legg til rette for at ein liten pool av fotografar (NTB og NRK eller TV2) kan få jobbe inne i rommet ved starten av møtet. Etter opninga, tentativt kl. 14.45, er statsministeren tilgjengeleg for presse på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Presse som ønskjer å delta, kan melde seg på til mo@smk.dep.no innan torsdag 22. april kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 23. april
Kl. 12.00: Statsministeren deltek digitalt på den offisielle opninga av Uniqon Protections nye fabrikk for smittevernutstyr på Stord. Opninga kan følgjast direkte.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.


Kl. 14.00: Statsministeren deltek på det digitale klimatoppmøtet som USAs president Joe Biden har invitert til, der ho skal halde eit innlegg om korleis innovasjon kan bidra til å få gjennomført det grøne skiftet. Toppmøtet kan følgjast her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

 

Oppdatert 22. april 2021 kl. 15.40: Lagt inn fleire detaljar om det digitale klimatoppmøtet.