Historisk arkiv

Statsministerens program veke 17

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 21. april
Kl.10.00: Statsministeren deltek på Teams-møte med elevar ved Lillehammer videregåande skole. I møtet treffer ho elevar som studerer reiseliv og språk.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl. 16.30: Statsministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren leier eit videomøte med representantar for industri, olje og energi. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa. Les meir om møteserien.

Desse deltek i møtet: BKK, Equinor, Hafslund Eco, IKM, Subsea 7, Ulstein, EL og IT Forbundet, Industri Energi og Norsk Industri. Frå regjeringa deltek statsministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren. 

Etter møtet, kl. 18.00, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren, olje- og energiministeren og dei andre som har vore med i møtet. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 21. april kl. 16. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Onsdag 22. april
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim inviterer til pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet».

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. 

Oppmøte for pressefolk seinast kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og id. Informasjon om påmelding finn du lenger nede i teksten.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no

Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er fagdirektør Åsmund Eide, telefon 400 36 841, e-post asmund.eide@kd.dep.no.

Kl. 13.15: Regjeringa legg fram sitt forslag til ny etterretningstenestelov.

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1.

Oppmøte for pressefolk seinast kl. 13.00. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Påmelding til begge desse pressekonferansane skjer til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 22. april kl. 09.00. Me ber deg om å spesifisere kva for ein av pressekonferansane du skal delta på eller om du skal delta på begge. Me ber om at kvart mediehus avgrensar oppmøte av journalistar og fotografar til maks to per redaksjon.

Presse som ikkje har anledning til å vere til stades kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1200 eller PK1315 i emnefeltet. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at alle får svar på spørsmåla sine.

Pressekonferansane vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontakt DSS på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

Fredag 24. april
Kl. 14.00: Statsministeren og næringsministeren leier eit videomøte med gründerar og investorar. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.

Desse deltek i møtet: Assistert Selvhjelp, Brim Explorer, CoWorx, Imatis, Noen, No Isolation, N-Link/Rocketfarm, Norsk Venturekapitalforening, Oslotech, Playpulse og TRK Group.

Etter møtet, kl. 15.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og dei andre som har vore med i møtet. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 24. april kl. 13.30. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.