Historisk arkiv

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 3. mai
Kl. 12.20: Statsminister Erna Solberg deltek på ein digital skuletime i samfunnsfag saman med elevar frå Allergot ungdomsskole i Ullensaker. I timen skal dei blant anna diskutere stortingsvalet til hausten og koronasituasjonen. Den digitale skuletimen kan følgjast direkte.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.

Tysdag 4. mai
Kl. 10.00: Statsministeren er til stades i Stortinget i samband med debatten etter utgreiinga om rapporten frå Koronakommisjonen.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Torsdag 6. mai
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på det digitale årsmøtet til Norges Sildesalgslag, der ho held ein tale og er med i ein samtale om regjeringa sin fiskeripolitikk. Årsmøtet kan følgjast direkte.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.