Statsministerens program veke 19

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg tek måndag i mot presidenten i Portugal, Aníbal Cavaco Silva, til samtale i statsministerbustaden. På kvelden er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag i høve den portugisiske presidentgjestinga, på Akershus slott.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 4. mai
Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg opnar Kunnskapsdepartementets rundebordkonferanse om livslang læring og utanforskap, i samband med regjeringas arbeid med ei stortingsmelding om same tema. Stad: Radisson Blu Plaza Hotell i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 15.30: Statsministeren tek i mot presidenten i Portugal, Aníbal Cavaco Silva til samtale i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Det er høve til å fotografere utandørs og innandørs medan presidenten vert teken imot, for ein pool med fotografar som er UD-akkrediterte til gjestinga. Frammøte i Riddervolds gate 2 seinast kl. 15.00.

Kl. 16.05: Statsministeren og presidenten er tilgjengelege for pressefolk i Riddervolds gate 2.

Kl. 19.30: Statsministeren er vert for ein regjeringsmiddag i høve den portugisiske presidentgjestinga, på Akershus slott. UD-akkrediterte pressefolk kan fotografere i borggarden frå kl. 19.00. Ein pool med fotografar kan arbeide innandørs medan gjestene gjeng til bords.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

(Programmet for resten av veka kjem måndag 4. mai.)