Historisk arkiv

Statsministerens program veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren er denne veka vertinne når regjeringa onsdag kveld inviterer til festmiddag for kongeparet i Operaen. Kong Harald og dronning Sonja fyller begge 80 år i år.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 8. mai
Statsminister Erna Solberg deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning. 

På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått dekorasjonar.

H.M. Kongen legg ned krans, og statsministeren taler, i ein medaljeseremoni ved Nasjonalmonumentet på Akershus festning frå kl. 15.30. Stortingspresidenten, forsvarsministeren og forsvarssjefen er også til stades.

Sjå fleire detaljar på nettsidene til Forsvarsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 9. mai
Kl. 11.10: Kongeparet tek i mot statsministeren i gratulasjonsdeputasjon på Slottet, i samband med feiringa av kongeparets 80-årsdagar i 2017. 

Kl. 20.00: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med markeringa av 80-årsdagane til kong Harald og dronning Sonja.

Onsdag 10. mai
Kl. 09.00: Statsministeren tek i mot Finlands president, Sauli Niinistö, til samtale i statsministerbustaden. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. 

Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 10.00: Statsministeren deltek i opninga av TINEstafetten på Bislet stadion i Oslo, i samband med Verdas aktivitetsdag.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 13.45: Statsministeren taler på Statkraftkonferansen på Lysaker. Adresse: Lilleakerveien 4E.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 19.00: Statsministeren er vertinne når regjeringa inviterer til festmiddag for kongeparet i Operaen. Kong Harald og dronning Sonja fyller begge 80 år i år. I samband med 80-årsdagane vil det vere fleire arrangement i Oslo 9. og 10. mai. Fristen for akkreditering er gått ut. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar og informasjon til publikum.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 12. mai
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på Helsekonferansen 2017 saman med finansministeren og helse- og omsorgsministeren på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 13.30: Statsministeren taler og deltek i debatt på eit fagseminar om prioriteringar i norsk utanrikspolitikk i regi av Oslosenteret på Bristol i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 19.30: Statsministeren er til stades på TV2 Gullruten i Grieghallen i Bergen.

Laurdag 13. mai
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på Høgres nasjonale kampanjesamling på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport på Gardermoen. Presse kan vere til stades under statsministerens tale. 

Pressekontakt er kommunikasjonssjef i Høgre, Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Akkreditering til NATO-møte 25. mai
Statsminister Erna Solberg deltek på NATO-møte i Brussel 25. mai, saman med stats- og regjeringssjefar frå alliansen. Presse som ønskjer å dekke møtet, må akkreditere seg innan 11. mai kl. 18.00. Akkreditering på denne sida.