Statsministerens program veke 2

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på Solamøtet i Rogalang og deltek i opninga av den nye Høgskulen på Vestlandet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 9. januar
Kl. 09.15: Statsminister Erna Solberg taler på Solamøtet i Rogaland. Stad: Clarion Hotel Air. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for presse i pausen som startar om lag kl. 10.40.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 11.20: Statsministeren besøkjer bedrifta Zaptec, som blant anna utviklar teknologi for lading av el-bilar. Adresse: Prof. Olav Hanssensvei 7A.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 10. januar
Kl. 09.40: Statsministeren besøkjer Lerum Fabrikker på Kaupanger i Sogndal. Adresse: Kloppavegen 13.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg (Sogndal), kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (Bergen) og statssekretær Bjørn Haugstad (Haugesund) deltek i den offisielle opninga av nye Høgskulen på Vestlandet.

Programmet går digitalt i ei samsending mellom Sogndal, Bergen, Førde, Stord og Haugesund. Fleire detaljar om fusjonen: https://www.hvl.no/om/

Pressekontakt for statsministeren i Sogndal er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 13.45: Statsministeren besøkjer Førde sentralsjukehus. Adresse: Svanehaugvegen 2 i Førde.

Onsdag 11. januar
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på DNBs industrikonferanse i Operaen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 17.30: Statsministeren inviterer representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane til toppmøte om digitalisering. På møtet vil dei blant anna diskutera korleis teknologiske endringar vil påvirke sysselsetjinga i Noreg framover.

Møtet går føre seg i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det vil vera mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Laurdag 14. januar
Kl. 13.30: Statsministeren er til stades på cupfinalen i volleyball for kvinner i Ekeberghallen. 

Kl. 16.30: Statsministeren er til stades på cupfinalen i volleyball for menn i Ekeberghallen.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 15. januar
Kl. 16.00: Statsministeren deltek på Trafikkofrenes dag i Åmot i Modum i Buskerud. Markeringa startar ved Åmotsenteret og det vert deretter minnegudsteneste i Åmot kyrkje. 

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.