Statsministerens program veke 20

Statsminister Erna Solberg opnar denne veka utstillinga «MEd frihet til å skape» i anledning den internasjonale ME-dagen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 12. mai
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg opnar utstillinga «MEd frihet til å skape» i anledning den internasjonale ME-dagen. Stad: MESH, Tordenskioldsgate 3 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Sundag 17. mai
Statsministeren deltek i feiringa av nasjonaldagen i Bergen.