Statsministerens program veke 20

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 14. og tysdag 15. mai
Statsminister Erna Solberg besøkjer Wien i samband med at Austerrike tek over formannskapen i EU frå 1. juli.

Statsministeren skal mellom anna halde innlegg for FN sin kriminalitetskommisjon, møte kanslar Sebastian Kurz, delta på høgnivåmøtet for klima, Austrian World Summit, møte FNs generalsekretær António Guterres og Austerrikes president Alexander Van der Bellen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Tysdag 15. mai
Kl. 22.00: Statsministeren deltek på eit tradisjonelt Iftar-måltid saman med unge somaliarar. Stad: Kirkens Nødhjelp, Bernhard Getz’ gate 3 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 66, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Onsdag 16. mai
Kl. 10.15: Statsministeren møter Alltingspresident Steingrímur J. Sigfússon frå Island, på Statsministerens kontor. 

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Brann og Haugesund på Brann stadion i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 66, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Torsdag 17. mai
Statsministeren deltek i feiringa av nasjonaldagen i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 66, e-post maria.korkunc@smk.dep.no

Tysdag 22. og onsdag 23. mai
Statsminister Erna Solberg deltek på uformelt nordisk statsministermøte i Örnsköldsvik. Det er Sveriges statsminister Stefan Löfven som inviterer sine nordiske kollegaer Lars Løkke Rasmussen frå Danmark, Juha Sipilä frå Finland, Katrín Jakobsdóttir frå Island og Erna Solberg frå Noreg til årleg uformelt statsministermøte. Tema for møta kjem mellom anna til å vera nordisk samarbeid, aktuelle utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål, EU-spørsmål, digitalisering og 5G. Det uformelle statsministermøtet avsluttast med ein arbeidslunsj med Åland, Grønland og Færøyene, Nordisk råd og Nordisk ministerråd.

Media som ynskjer å dekkje statsministermøtet må følge denne lenkja og akkreditere seg her innan 18. mai kl. 09.00. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.

Til toppen