Historisk arkiv

Statsministerens program veke 20

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 13. mai
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre. Presse kan vere til stades på statsministerens innleiing, om lag kl. 10.00. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter innleiinga. Stad: Høyres Hus, Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.

Onsdag 15. mai
Statsministeren deltek på eit møte i Paris med fleire statsleiarar og leiande internettselskap som skal diskutere kva som kan gjerast for å hindre at innhald frå terroristar og valdelige ekstremistar vert spreidd på nett. Meir informasjon vert sendt ut seinare.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon +47 905 123 19 og e-post miw@smk.dep.no.

Torsdag 16. mai
Kl. 08.45: Statsminister Erna Solberg møter formann i den kinesiske folkekongressen, Li Zhanshu, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografere når Li Zhanshu kjem til Parkveien, når han signerer gjesteboka og ved møtestart.

Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast klokka 08.15. Ta med pressekort og gyldig ID med foto.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på eliteseriekampen mellom Brann og Sarpsborg 08 på Brann stadion.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Fredag 17. mai
Statsministeren feirar nasjonaldagen i Bergen.

Kl. 08.00: Solberg legg ned krans ved statuen av Christian Michelsen på Festplassen.

Kl. 10.30: Statsministeren går saman med bystyret i Hovedprosesjonen frå Koengen til Festplassen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Måndag 20. mai
Kl. 08.00: Statsministeren deltek på eit frukostmøte med lokalt næringsliv i Grimstad sentrum. Stad: Scandic Grimstad

Kl.09.15: Statsministeren besøkjer Voksenskolen for personer med demens som holder til i Jobbsentralens Kompetansehus på Østerhus, Grimstad. Adresse: Østerskogen 59, 4879 Grimstad.

Kl.11.00: Statsministeren deltek på opninga av Den lille Chipsfabrikken. Adresse: Mjåvannsvegen 202, 4628 Kristiansand

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer Tangvall gard i Søgne. Tema er kortreist mat og moglegheiter innan landbruket. Adresse: Tangvallveien 1, 4640 Søgne

Kl. 13.00: Statsministeren møter deltakarar i prosjektet «SNU» - mot vold i ungdomsmiljø, på Tangen vidaregåande skule i Kristiansand. Adresse: Tangen VGS, Tangen 21, 4608 Kristiansand

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Vardåsen skule for å høyre om prosjektet «Rød tråd» som handlar om overgangen mellom barnehage og skule. Ho møter dei som jobbar med prosjektet samt barnehagepedagogar, lærarar og foreldre. Adresse: Vardåsveien 115, 4637 Kristiansand.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.