Historisk arkiv

Statsministerens program veke 21

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 18. mai
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg deltek på lanseringa av Rederiforbundets klimastrategi fram mot 2050, der ho blant anna skal delta i ein samtale om strategien og kva rolle Noreg kan spele for grøn skipsfart, teknologiutvikling og internasjonalt arbeid på området.

Lanseringa går føre seg på Clarion Hotel Bjørvika/Oslo Streamingsenter i Dronning Eufemias gate 15 og blir sendt direkte på nettsidene til Rederiforbundet. Om lag kl. 12.45 er statsministeren tilgjengeleg for presse, på Clarion Hotel Bjørvika. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til Christine Korme i Rederiforbundet, e-post ck@rederi.no, telefon 91 82 55 19.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 22. mai
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer smitteteltet på Haukeland sjukehus i Bergen, der ho blant anna møter fleire av dei tilsette og får ei orientering om korleis sjukehuset handterer koronapasientar.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.

Kontaktperson for sjukehuset er kommunikasjonssjef i Helse Bergen, Erik Vikander, telefon 90 13 37 71.