Historisk arkiv

Statsministerens program veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna ved opninga av festspela i Bergen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 26. mai
Kl. 08.45: Statsminister Erna Solberg opnar Kommunal- og moderniseringsdepartementets konferanse om europeisk IKT-politikk. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 11.15: Statsministeren og helse- og omsorgsministeren inviterer saman med samarbeidspartia  Kristelig Folkeparti og Venstre til eit dialogmøte om regjeringas arbeid med ein ny plan for opptrapping på rusfeltet. Sjå fleire detaljar om dialogmøtet.

Stad: Clarion Hotel Royal Christiania, Biskop Gunnerus' gate 3 i Oslo. Møtet vert overført direkte på regjeringen.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 20.00: Statsministeren opnar nye Troldsalen på Edvard Grieg Museum på Troldhaugen i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Onsdag 27. mai
Kl. 12.30: Statsministeren deltek og taler ved opninga av festspela i Bergen på Torgalmenningen. Statsministeren er tilgjengeleg for kommentarar rett etter opningsseremonien. Avtaler må gjerast med pressekontakt Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Bergen kommune si mottaking i samband med festspela i Bergen. Stad: Håkonshall.

Kl. 19.00: Statsministeren er til stades under opningsframsyninga Porgy and Bess i Grieghallen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Laurdag 30. mai
Kl. 13.45: Statsministeren er til stades på barnefestivalen Miniøya 2015 på Tøyen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.