Statsministerens program veke 22

Statsminister Erna Solberg opnar måndag regjeringa si havkonferanse i Bergen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 30. mai
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg møter omstillingsutvalet i Hordaland fylkeskommune. Stad: Fylkesrådssalen, Hordaland fylkeskommune.

Kl. 12.00: Statsministeren opnar havkonferansen «Den norske havklyngen» på Radisson Blu Royal Hotell ved Bryggen i Bergen. Næringsminister Monica Mæland og fiskeriminister Per Sandberg er også til stades. Tema for konferansen er dei framtidige moglegheitene havet gir for auka verdiskaping.

Kl. 14.15: Statsministeren opnar Norsk havlaboratorium på Marineholm i Bergen. Adresse: Thormøhlens gate 53 E.

Pressekontakt for statsministeren i Bergen er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 31. mai
Kl. 08.00: Statsministeren deltek på frukostmøte om framtidas Noreg i regi av Civita, saman med leiaren av Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre. Stad: Café Christiania, Nedre Vollgate 19 (inngang i Stortingsgaten).

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Kl. 15.30: Statsministeren markerer opninga av Facebook sitt kontor i Noreg. Stad: Tordenskioldsgate 3 i Oslo.

Pressekontakt er kommunkasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 16.00: Statsministeren taler på kulturminister Hofstad Hellelands mottaking i samband med 20-årsmarkeringa for Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Pressekontakt er kommunkasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 3. juni
Kl. 09.00: Statsministeren opnar fotballturneringa «Fargerik fotball» på Vallefeltet ved Valhall Arena i Oslo.

Pressekontakt er kommunkasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 5. juni
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.