Statsministerens program veke 23

Statsministeren har denne veka mellom anna møte i Tallin og Brussel.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 6. juni
Statsminister Erna Solberg besøkjer Tallin, i samband med at Estland har EU-formannskapet. Statsministeren skal mellom anna ha politiske samtaler med statsminister Jüri Ratas.

Pressekontakt er statssekretær Ingvild Næss Stub, telefon 920 14 897.

Onsdag 7. juni
Statsministeren er i Brussel saman med FNs pådrivargruppe for bærekraftsmåla, i samband med European Development Days. Ho møter mellom anna Europaparlamentets president Antonio Tajani og deltek i signeringsseremoni for European Consensus on Development. Ho deltek óg i felles komitemøte med Europaparlamentets komiteer for utvikling og miljø.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Torsdag 8. juni
Kl. 08.40: Statsministeren held opningsinnlegg på Antikorrupsjonskonferansen 2017 i Oslo. Stad: Felix, Aker brygge. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 18.15: Statsministeren tar med seg bærekraftsballen og besøkjer Global Goals World Cup utanfor Nobels Fredssenter i Oslo. Bærekraftsballen er eit symbol på FNs arbeid med å nå dei 17 bærekraftsmåla. Erna Solberg er ein av leiarane for pådrivergruppa for å nå dei globale utviklingsmåla.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på medlemsmøte i Oslo Høgre på Høyres Hus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Odd Hoen-Sevje, telefon 971 85 003.

Laurdag 10. juni
Kl. 09.00: Statsministeren taler på landsmøtet til Human Etisk Forbund. Stad: Thon Hotel Arena Lillestrøm. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 11.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høyres Hus i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på Stortingets avslutningsmiddag for stortingsrepresentantane og medlemar av regjeringa på Akershus festning.

Pressekontakt er politisk rådgivar Odd Hoen-Sevje, telefon 971 85 003.

Søndag 11. juni
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høyres Hus i Oslo. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.