Statsministerens program veke 23

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 6. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Trøndelag.

Kl. 09.45: Statsministeren møter studentar og tilsette ved AI-laben på NTNU i Trondheim, og får ei orientering om deira arbeid med kunstig intelligens. Pressa er velkomen til å vere med på besøket. Adresse: NTNU Gløshaugen, IT-bygget, 3. etasje, Sem Sælandsvei 9

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på kickoff for regjeringa sin digitaliseringsstrategi på NTNU. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik deltek digitalt. Sjå eiga nettsak for fleire detaljar og overføring av arrangementet. Adresse: NTNU, Gløshaugen, Elektrobygget, Auditorium El 5, O.S. Bragstads plass 2, Trondheim.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Skaun ungdomsskole. Tema for besøket er korleis ein kan få ein meir praktisk ungdomsskole. Adresse: Rossmovegen 6, 7353 Børsa.

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Orkanger der han møter to ukrainske flyktningar, Yevheniia Korobova og Inna Lobova, som er farmasøytar og har praksis på Vitus apotek i Orkanger, samstundes som dei får norskopplæring. Nav-rettleiar er også til stades. Adresse: Vitus apotek, Amfi Oti-senteret, Orkanger.

Kl. 16.15: Statsministeren besøkjer Fosslia omsorgssenter i Stjørdal, ein institusjon spesielt tilrettelagt for demente. Adresse: Bygg C, Fossliåsen 28, Stjørdal.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Onsdag 7. juni

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Nor-shipping der han deltek på eit rundebord i regi av UN Global Compact og besøker messeområdet. Stad: NOVA spektrum, Lillestrøm.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Laurdag 10. juni

Kl. 10:00: Statsministeren deltek på Kiwi Cup – uoffisielt fotball-NM for tilsette i barnehagar og grunnskular. Stad: Jorekstad stadion, Jørstadmovegen 690, Lillehammer.

Kl. 14.30: Statsministeren deltek på FjellFri der han skal delta i paraden og halde appell. Stad: Parkveien, Tynset.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Veke 28

10.-12. juli: Statsministeren besøker dei norske styrkane i Litauen og deltek på Nato-toppmøte i Vilnius. Utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek også på Nato-toppmøtet.

Medieakkrediteringa til Nato-toppmøtet er open. Presse må akkreditere seg via https://my.hq.nato.int/ innan 25. juni. Vi ber om at presse som vil vere med til Litauen melder frå til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksminister Anniken Huitfeldt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon +47 99 52 20 26, e-post Marte.Lerberg.Kopstad@mfa.no.

Pressekontakt for forsvarsminister Bjørn Arild Gram er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.