Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 24

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. juni
Statsminister Erna Solberg deltek på markeringa av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO sitt 100-årsjubileum i Genève.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Tysdag 11. og onsdag 12. juni
Statsministeren besøkjer Karmøy, Stord og Bergen.

Tysdag 11. juni:
Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer naturgasselskapet Gasnor på Avaldsnes, der ho får ei orientering om drifta. Adresse: Helganesveien 59, Avaldsnes.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på opninga av Haugesund Cargo Terminals på Husøy på Karmøy. Adresse: Husøyvegen 250, Avaldsnes.

Kl. 17.30: Statsministeren besøkjer Sør-Karmøy Frivilligsentral IOGT i Skudeneshavn, der ho treffer heimebuande eldre som møtest til felles middag gjennom prosjektet Spisevenner. Adresse: Kaigata 5, Skudeneshavn.

Onsdag 12. juni
Kl. 08.30: Statsministeren besøkjer Stord vidaregåande skule, som er knutepunktskule i Sunnhordland for elevar som treng tilrettelagd opplæring. Adresse: Saghaugen 3, Stord.

Kl. 09.45: Statsministeren er til stades på Stordkonferansen, på Stord Hotell. Statsministeren taler om lag kl. 10.00. Adresse: Kjøtteinsvegen 67, Stord.

Kl. 10.45: Statsministeren deltek på grunnsteinsnedlegginga for Kværner Stord sitt nye kaianlegg. Adresse: Eldøyane, Stord.

Kl. 14.20: Statsministeren taler på Underwater Technology Conference i Grieghallen. Adresse: Edvard Griegs plass 1, Bergen.

Pressekontaktar for turen til Karmøy, Stord og Bergen er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Sør-Korea.

Torsdag 13. juni
Kl. 08.50: Statsminister Erna Solberg tek imot Sør-Koreas president Moon Jae-in til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool som består av NRK, TV2 og NTB scanpix har høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Den same fotopoolen kan også fotografere inne ved starten av møtet, og ved underteikning av avtalar om lag kl. 09.30. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.20. Ta med pressekort og gyldig ID. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2.

Kl. 09.45: Statsministeren og presidenten held pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 09.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 11. juni kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Onsdag 26. juni
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 09.30.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Til toppen