Statsministerens program veke 25

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 20. juni

Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Onsdag 21. juni

Kl. 12.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med debatten om revidert nasjonalbudsjett.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 17.00: Statsministeren er til stades ved Kapitals kåring av Noregs mektigaste kvinner. Adresse: Hoffsveien 70A, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 25 510.

Søndag 25. juni

Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Islamic Cultural Centre og Det islamske forbundet i samband med feiringa av Eid. Stad: Valhall Arena i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.