Historisk arkiv

Statsministerens program veke 25

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. juni
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av ein biepark i Stensparken i Oslo. Bieparken er etablert av prosjektet Jobb34, som er eit arbeidstilbod for utviklingshemma og andre som på ein eller annan måte havnar utanfor arbeidslivet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Tysdag 19. juni
Kl. 12.00: Statsministeren og kunnskapsministeren inviterer til møte i det nye integreringspanelet. Panelet er etablert for å få innspel til arbeidet med regjeringa sin integreringsstrategi.

Møtet går føre seg på MESH i Tordenskiolds gate 3 i Oslo sentrum. Dørene opner klokka 11.30, og pressa kan vere til stades på heile arrangementet. Statsministeren og andre deltakarar vil vere tilgjengelege for presse.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Kl. 13.10: Statsministeren møter Irans visepresident Ali Akbar Salehi, på Statsministerens kontor.

Kl. 13.55: Statsminister Erna Solberg tek imot FNs generalsekretær António Guterres ved Nobels Fredssenter på Rådhusplassen, der dei saman skal opne ei utstilling om dei globale berekraftsmåla. Det vert fotopool inne. Ute vert det etablert eit avgrensa område for øvrig presse. Det vert ingen intervju før pressekonferansen på Bygdøy seinare på dagen.

Kl. 14.15: Solberg og Guterres tek båt frå Rådhusbrygga, der dei skal ha eit bilateralt møte om bord. Presse kan bli med på turen. Fotopool. Det vert ikkje tid til intervju om bord. På grunn av møtet tek overfarten ca. 1 time. Presse kan også møte direkte på Norsk Maritimt museum på Bygdøy.

Kl. 15.20: Statsministeren og FNs generalsekretær kjem til Bygdøynes, der dei møter barn som viser fram eit prosjekt om plastforureining.

Kl. 15.30: Felles pressekonferanse med Solberg og Guterres ved Norsk Maritimt muesum. Dei to oppsummerer det bilaterale møtet og arbeidet med det nyoppretta internasjonale havpanelet som statsminister leier.

Presse som ønskjer å dekke heile eller deler av programmet og som ikkje allereie er akkreditert via Utanriksdepartementets akkreditering til Oslo Forum, kan akkreditere seg ved å sende en e-post til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 18. juni kl. 11.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren besøkjer Høgres bydelsforeiningar i Groruddalen, på Rommen scene.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Onsdag 20. juni
Kl. 09.00: Statsministeren møter Somalias statsminister Hassan Ali Khaire, på Statsministerens kontor.

Det er høve til å fotografere når statsministeren tek i mot Khaire. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 08.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Kl. 12.00: Regjeringa inviterer til oppstartkonferanse for inkluderingsdugnaden på Sentralen i Oslo. Inkluderingsdugnaden vart lansert i Jeløya-plattforma og er eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i arbeid. Konferansen vert opna av statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og kulturminister Trine Skei Grande. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Fredag 22. juni
Kl. 15.15: Statsministerens besøkjer Unge Høgres landsmøte. Stad: Quality Airport Hotell Gardermoen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Odd Hoen-Sevje, telefon 971 85 003, e-post: odd.hoen-sevje@smk.dep.no.

Laurdag 23. juni
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer sjukepleiarstudentane sitt årsmøte, på Klækken Hotell.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Søndag 24. juni
Kl. 12.45: Statsministeren besøkjer Barnekreftforeningens sommarleir. Sommarleiren går føre seg på Nordhordland folkehøgskule. Adresse: Holtermandsvegen 3, 5918 Frekhaug.

Kl. 17.00: Statsministeren opnar Ekstremsportveko 2018 på Voss.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Tysdag 26. juni
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 09.30.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.