Historisk arkiv

Statsministerens program veke 26

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 25. juni
Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg taler på den internasjonale antidopingkonferansen Clean sport = Fair outcome på Grand Hotel i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Tysdag 26. juni
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 09.30.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Onsdag 27. juni
Kl. 16.00: Statsministeren er til stades på regjeringa si mottaking i samband med Oslo Pride. Mottakinga går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2 frå kl. 15.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek på opninga av Pride Park i Spikersuppa i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Torsdag 28. juni
Statsministeren deltek på møte i European People’s Party (EPP) i Brüssel.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.