Historisk arkiv

Statsministerens program veke 27

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 30. juni
Kl. 08.30
: Statsminister Erna Solberg skal delta på eit planlagt arbeidstilsyn, og møter representantar frå Arbeidstilsynet, Skatteetaten og politiet som forbereder tilsynet. Stad: Oslo City, Stenersgata 1A, 12. etasje, inngang til venstre for hovudinngangen, Curato røntgen.

Kl. 09.00: Avreise til Nydalen, kor tilsynet skal skje. Busstransport for media.

Kl. 09.20: Statsministeren deltek på arbeidstilsyn på byggjeplassen for Fernanda Nissens skule i Nydalen. Adresse: Sandakerveien 100C.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 11.00: Statsministeren deltek på jubileumsmøte i samband med markeringa av 200-årsjubileet til Høgsterett. H. M. Kongen vil óg vere til stades på møtet. Stad: Plenumsalen i Høgsterett, Høgsteretts plass 1.

Kl. 15.00: Statsministeren er vert for ei mottaking i samband med Høgsteretts 200-årsjubileum på Akershus slott. H. M. Kongen vil òg vere til stades.

Det vil vere mogleg å fotografere når gjestene kjem til Akershus slott. Fotografar må møte seinast kl. 14.05, og akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 30. juni kl. 09.30.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419. 

Kl. 17.30: Statsministeren møter tidlegare president Bill Clinton i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Tema for samtalene vil vere global helse, klima og energi.

Kort foto-anledning i det statsministeren tek imot Clinton.

Fotoanledning for foto-pool bestående av NRK, TV2, Scanpix og Reuters ved møtestart. Fotografar må møte seinast kl. 17.00, og akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 30. juni kl. 13.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Onsdag 1. juli
Kl. 11.10: Statsministeren deltek under gjenopninga av den farmasøytiske fabrikken på Elverum. Fabrikken drives nå vidare, på initiativ av dei tilsette i det nyoppretta selskapet Curida AS. Adresse: Solbærvegen 5, Elverum, inngang på sørsida av fabrikken.

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Glåmdal interkommunale legevakt på Kongsvinger. Adresse: Parkvegen 35, Kongsvinger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

 

Torsdag 2. juli

Statsministeren besøkjer Luxembourg, kor ho vil møte statsministeren og parlamentspresidenten. I tillegg er det lagt opp til ein visitt hos storhertugen, samt eit besøk til EFTA-domstolen.

Hovudføremålet med besøket er å ta i vare nær kontakt med det påtroppande EU-formannskapet, som ein del av regjeringas aktive Europapolitikk, samt stadfeste og styrke det bilaterale forholdet til Luxembourg.

Pressekontakt er statssekretær Marit Berger Røsland, telefon 913 83 874.