Historisk arkiv

Statsministerens program veke 27

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 2. juli
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg besøkjer Asker for å få ei orientering om arbeidet med nye Asker kommune. I samband med samanslåinga av Hurum, Røyken og Asker, jobbar nye Asker kommune med ein heilt ny kommuneplan der berekraftmåla er rammeverk.

Statsministeren møter barn og unge i kommunestyresalen, og spelarar frå fotballag som skal vere berekraftambassadørar for nye Asker kommune på Norway Cup.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no. 

Torsdag 4. og fredag 5. juli
Statsministeren deltek på det årlege toppmøtet i CARICOM, organisasjonen for karibiske statar. Klima, havarbeid og FNs berekraftsmål blir sentrale tema på møtet, og statsministeren skal blant anna halda eit hovudinnlegg om Noregs arbeid med hav og klima. Toppmøtet går føre seg på St. Lucia i Karibia.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Torsdag 18. juli
Statsministeren er i Molde, der ho blant anna deltek på Gassknutepunkt Nyhamna sin rundebordskonferanse. Konferansen går føre seg på Scandic Seilet Hotell.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.