Historisk arkiv

Statsministerens program veke 27

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 30. juni
Statsminister Erna Solberg besøkjer Kongsberg, Ringerike og Gran.

Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Kongsberg interkommunale legevakt, der ho får ei orientering om korleis legevakta har handtert koronakrisa. Det er mogleg for presse å delta på besøket. Oppmøte for pressefolk kl. 09.45. Adresse: Wergelands vei 3, Kongsberg.

Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Kongsberg Teknologipark. Ho får først ei omvising i produksjonslokala til Kongsberg Defence & Aerospace (KDA). Pressa får ikkje delta på omvisinga, men det er mogleg å fotografere utanfor når statsministeren kjem til KDA.

Kl. 11.45: Statsministeren har lunsjmøte med fleire av dei leiande bedriftene i teknologiparken. Ho møter Kongsberg Gruppen, TechnipFMC, GKN Aerospace og Kongsberg Teknologipark for blant anna å diskutere korleis koronakrisa har påvirka bedriftene. Pressa kan delta på møtet. 

For praktisk informasjon om besøket kan kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberg Gruppen kontaktast. Telefon 91 61 07 98.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Eggemoen Aviation & Technology Park, der ho møter fleire av bedriftene som held til i teknologiparken. Ho får blant anna sjå produksjonen av desinfiseringsmaskiner som har blitt mykje brukt i koronakrisa.

Besøket går føre seg hjå Tronrud Engineering i bygg 22 på Eggemoen.

Kl. 16.30: Statsministeren besøkjer tomta der bedrifta Trox Auranor byggjer ny fabrikk, på Jaren i Gran kommune. Bedrifta leverer system for klimaanlegg og ventilasjon og dei nye produksjonslokala skal vera klare til innflytting i starten av 2021.

Presse som ønskjer å delta på besøket  kan møte opp på industriområdet Mohagen sør, rett ved Rv. 4.

Pressekontaktar for besøket er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Onsdag 1. juli
Kl. 12.00: Statsministeren har videomøte med ungdomspanelet som skal gi innspel til regjeringa sitt arbeid med nordområdemeldinga. Øyvind Johan Olsen frå Bodø, Inga Marja Lango frå Kautokeino, Martin Mathisen frå Tromsø, Aurora Møllersen frå Kirkenes, Aleksander Johansen frå Alta og Kevin Berro, Akkaradet Satee og Omondi Hamerton frå Tromsø er blant dei som skal innleie i møtet.

Presse som ønskjer å lytte til møtet kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 2. juli
Kl. 15.00: Statsministeren har digitalt møte med nokre av toppleiarane i selskapa som utgjer «Nordic CEOs for a Sustainable Future»-gruppa. I møtet skal dei diskutere korleis offentleg og privat sektor arbeider med berekraftig utvikling framover, óg i lys av COVID-19.

Fredag 3. juli
Kl. 10.00: Statsministeren deltek på eit digitalt møte med tillitsvalde i hotell- og restaurantbransjen i Fellesforbundet. Tema for møtet er korleis koronasituasjonen har påverka bransjen. 

Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Statkraft, der ho deltek på eit lunsjmøte for å diskutere framtida for hydrogen i Noreg. Adresse: Lilleakerveien 4E, Lysaker.

Markering av 9-årsdagen for 22. juli
Onsdag 22. juli skal det markerast at det er 9 år sidan angrepa mot regjeringskvartalet og Utøya. På grunn av koronasituasjonen blir markeringane i år gjennomført utan publikum.

Kun ei avgrensa gruppe med representantar for Støttegruppa, AUF, det offisielle Noreg m.fl. vil delta. Markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya vil bli overført direkte (nett-tv/NRK). 

Statsminister Erna Solberg deltek på markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya, i tillegg til at ho er til stades på ei gudsteneste i Oslo domkyrkje.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet. Presse som ønskjer å vere til stades på markeringa må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 20. juli kl. 12.

Kl. 11.30: Gudsteneste i Oslo domkyrkje, der biskop Kari Veiteberg preikar.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya.

Sjå detaljert program for dagen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.