Historisk arkiv

Statsministerens program veke 3

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg opnar denne veka mellom anna Friluftslivets år 2015 på Vestlandet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 13. januar
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg opnar Friluftslivets år 2015 på Vestlandet. Stad: Fløien i Bergen. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i etterkant av opninga.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 15.00: Statsministeren, arbeids- og sosialministeren, LO-leiaren og NHO-direktøren  legg fram ein felles strategi mot arbeidslivskriminalitet.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Oppmøte i  Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.30. Presse som ønskjer å rigge, kan møte opp frå kl. 14.00. Pressemøtet kan òg sjåast på nett-tv på regjeringa.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for arbeids- og sosialministeren er kommunikasjonssjef Nina Kraugerud Ertzaas, telefon 480 01 061.

Søndag 18. januar
Kl. 11.30: Statsministeren deltek på Felleskonferansen til Høgre. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.