Statsministerens program veke 3

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på delar av World Economic Forum 2016 i Davos.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 17. januar
Statsministeren er til stades på markeringa av at det er 25 år sidan Kong Harald og Dronning Sonja vart Noregs kongepar. Regjeringa si gåve i samband med 25-årsmarkeringa er fleire utandørsarrangement i Oslo sentrum. Det vert underhaldning på Universitetsplassen, vinteraktivitetar på Slottsplassen og ei festforestilling i Universitetets aula.

Meir informasjon om programmet for dagen finn du her.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er vertskap for ei mottaking for 25-åringar frå alle landets fylke. Regjeringa har invitert ein 25-åring frå kvart fylke til å vera med på feiringa av kongeparet.

Stad: Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressefolk som vil vere til stades må møte i Riddervoldsgate 2 kl. 17.15 og ha med pressekort og gyldig ID. På grunn av byggjearbeid er det inngang til Riddervoldsgate 2 frå Inkognitogata.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide,
telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 20. januar – fredag 22. januar
Statsministeren deltek på delar av World Economic Forum 2016 i Davos.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.