Statsministerens program veke 3

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på delar av World Economic Forum 2017 i Davos.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 17. januar
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen deltek på regjeringas kontaktkonferanse på Sentralen i Oslo (Øvre Slottsgate 3). Kontaktkonferansen er ein årleg møtestad mellom Kunnskapsdepartementet og universitets- og høgskulesektoren. I år er temaet innhaldet i stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning. 

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948. Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset, telefon 934 35 930.

Onsdag 18. – torsdag 19. januar
Statsministeren deltek på delar av World Economic Forum 2017 i Davos. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Tysdag 31. januar – måndag 1. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Paris og Valletta tysdag 31. januar og onsdag 1. februar.

Tysdag 31. januar på kvelden møter Solberg Frankrikes statsminister Bernard Cazeneuve i Paris.

Onsdag 1. februar møter Erna Solberg Maltas statsminister Joseph Muscat i Valletta. Bakgrunnen for besøket er at Malta har overtatt EU-formannskapen. Statsministeren skal også ha ein høflegheitsvisitt til president Coleiro Preca.

Pressekontakt for statsministerens reise er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Presse som ønskjer å dekka heile eller delar av statsministerens besøk til Paris og Valletta, må gi beskjed til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 25. januar.