Historisk arkiv

Statsministerens program veke 3

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 18. januar
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek i eit digitalt møte med stats- og regjeringssjefar frå fleire mellomstore land for å utveksle erfaringar frå handteringa av korona-krisa. Det er Austerrikes forbundskanslar Sebastian Kurz som har invitert til møtet.

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie gjer greie for handteringa av koronapandemien i Stortinget. Om lag 15 minuttar etter utgreiinga, tentativt kl. 14.00, inviterer statsministeren til pressekonferanse om koronasituasjonen i Marmorhallen. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på konferansen Xynteo Exchange, der ho skal vere med i ein panelsamtale om grøn vekst i Europa. Andre deltakarar i panelet er Svein Tore Holsether i Yara, Henrik Henriksson i Scania, student Anna Kurth frå Universitetet i St. Gallen i Sveits og Osvald Bjelland i Xynteo. Studentar frå heile Europa har sendt inn spørsmål til samtalen.

Presse kan følgje konferansen her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Tysdag 19. januar
Kl. 10.00: Statsministeren er til stades i Stortinget i samband med debatten etter utgreiinga om handteringa av koronapandemien.