Priv. til red.:

Statsministerens program veke 3

Statsminister Erna Solberg besøkjer Rogaland, Akershus og Østfold. I tillegg skal ho ha samtalar med den britiske statsministeren David Cameron i London.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. januar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Rogaland. Kunnskap og psykisk helse er tema for besøket.

Kl. 09.00: Statsministeren taler på Solamøtet. Stad: Sola Strand Hotel. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.

Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer gründerbedrifta SR Group AS på Sola, der ho møter tilsette som har fått jobb sjølv om dei har «hòl i CV-en». Adresse: Energiveien 9. 

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer Sandnes vidaregåande skule og markerer starten på «Algebra Challenge». Over 500 skular med 40.000 elevar frå heile landet er påmelde i konkurransen, der elevane skal løyse så mange likningar som mogleg i løpet av ei veke ved hjelp av dataspelet DragonBox. Les meir om Algebra Challenge og DragonBox her: http://no.algebrachallenge.org/.

Kl. 13.50: Statsministeren besøkjer Grødem skule i Randaberg kommune. Der får ho demonstrasjon av IKT-prosjektet ”Flipped Classroom” og ho skal snakke med lærarar om kompetanseutvikling og etter- og vidareutdanning.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer bedrifta ROXEL AS, som deltek i prosjektet JobbResept, der målet er å hjelpe unge med psykiske lidingar ut i fast arbeid. Adresse: Skogstøstraen 21, Stavanger.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, mobil 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, mobil 482 13 216.

Tysdag 14. januar
Statsministeren besøkjer Akershus og Østfold. Kunnskap og arbeidsliv er tema for besøket.

Kl. 09.10: Statsministeren besøkjer Meny Tårnåsen i Oppegård kommune, der ho får presentert eit pilotprosjekt som har som mål at personar med psykiske helseproblem skal få arbeid. Adresse: Valhallaveien 70, Tårnåsen.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer den nye ungdomsskulen i Askim.
Adresse: Løkenveien 30, Askim.

Kl. 12.15: Statsministeren besøkjer Kvernhuset ungdomsskule i Fredrikstad.
Adresse: Kvernhusveien 1, Fredrikstad.

Kl. 13.45: Statsministeren besøkjer Nøkkeland skule i Moss.
Adresse: Nøkkelandsveien 32, Moss.

Kl. 14.50: Statsministeren besøkjer ASKOs sentrallager i Vestby, der ho skal snakke med bedrifta om deira erfaring med å tilsetje personar som står utanfor det ordinære arbeidslivet. Adresse: Deliveien 33, Vestby.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 15. januar
Kl. 10.30: Statsministeren møter generalsekretæren i Nordisk ministerråd, Dagfinn Høybråten, på Statsministerens kontor.

Om ettermiddagen har statsministeren møte med den britiske statsministeren David Cameron i Downing Street i London. Sjå eiga pressemelding med fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.